Katastrofesøk i NRH - kva skjer?

Denne saken, skrevet an Kathrine Hauge, er hentet fra Redningshunden nr. 3-2017, og gir en oppdatering rundt arbeidet med katastrofesøk i NRH

Denne saken, skrevet an Kathrine Hauge, er hentet fra Redningshunden nr. 3-2017, og gir en oppdatering rundt arbeidet med katastrofesøk i NRH

I NRH i dag vert det arbeida med katastrofesøk på alle nivå i organisasjonen.

  •       Hovudstyret har etablert ei eige arbeidsgruppe for å arbeida med katastrofesøk nasjonalt
  •       Distrikta på austlandet har saman om å etablera ein regionkoordinator for trening og utvikling av katastrofesøksmiljøet.
  •       Fleire distrikt etablera eigne samarbeid med lokale brannvesen
  •       Ekvipasjar i heile landet trena aktivt og held ved like kompetanse og kvalitet

 NRH er i dag den einaste organisasjonen som har katastrofesøkshundar i heile landet.

 

Hovudstyrets arbeidsgruppe for katastrofesøk

Hovudstyret har etablert ei arbeidsgruppe som skal arbeida med å styrka bruken av NRHs katastrofesøkshundar nasjonalt og internasjonalt.

Gruppa skal mellom anna arbeida opp mot nasjonale myndigheiter for å få etablert eit FNsertifisert Urban Search and Rescue (USAR) Team. Gruppa skal ikkje arbeida med utdanninga av katastrofesøkshundar. Dette ligg framleis til FTU.

Gruppa er NRHs kontaktpunkt for USAR internt og eksternt. Status for arbeidet med å bidra til å etablere nytt internasjonalt sertifisert USAR team.

Etter innsatsen i Nepal stod NORSAR utan utstyr, utan sertifisering og utan vidare finansiering. Våren 2016 meldte Oslo brann og redningsetat (OBRE) til sitt fagdirektorat Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) om at NORSAR ikkje er operativ og syner til manglande organisering og finansiering.

Med bakgrunn i dette og «Brannstudien» frå 2013 sendte DSB eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet (JD) der dei ber om at departementet vurdera om Noreg skal ha ein nasjonal USAR kapasitet forankra i eit brannvesen, samt om denne kapasiteten skal inngå i ein internasjonal USAR beredskap.

Brannvesenet i Noreg er kommunalt og vert finansiert gjennom kommunebudsjettet.

Beredskapen til det enkelte brannvesen vert bygd opp basert på lovkrav og eigen risiko- og sårbarheitsanalyse. Oslo og fleire andre kommunar har basert på eigne risiko- og sårbarheitsanalysar valt å byggja opp USAR kompetanse lokalt.

Det er fleire moglege løysingar for USAR beredskapen nasjonalt og internasjonalt. Kvar kommune kan få ansvar for eigen beredskap innan eige budsjett eller eit brannvesen nkan få statlege midlar til å byggja opp ein nasjonal kapasitet. Om Noreg skal nytta denne kapasiteten internasjonalt er eit spørsmål som må avklarast mellom JD og Utanriksdepartementet (UD).

NRH arbeida tett saman med OBRE om dialog inn mot myndigheitene, med det ser ut til at det vil ta tid før det kjem ei avgjerd frå JD.

Dersom det vert eit nytt internasjonalt USAR lag har NRH satt som føresetnad for si deltaking at laget skal INSARAG sertifiserast og at NRH skal levera søkskapasitet med hundar, men ikkje eiga eller drifta

 

Nasjonalt konsept for katastrofesøk

NRH har gjennomført katastrofesøk i tråd med planverket til NORSAR.

I fråvær av dette er det behov for å revidera rutinane rundt katastrofesøk nasjonalt og samla NRH rundt eit felles konsept for katastrofesøk som inkludera utkalling, skildring av NRHs rolle ved katastrofesøk og operative tiltakskort.

Hovudstyrets arbeidsgruppe for katastrofesøk skal utarbeida eit nasjonalt konsept for katastrofesøk i NRH. Konseptet skal vurdera endring av system for utkalling skal sikra større tilgjengelegheit på katastrofesøks-ekvipasjar nasjonalt.

Skildring av katastrofesøk i NRH skal nyttast av hundeførarar, leiar hund, beredskapsansvarleg og våre samarbeidspartnarar som brannvesen og politi.

Utarbeida tiltakskort skal inn i beredskapsplanen til bruk for hundeførarar, leiar hund og beredskapsansvarleg. Arbeidet er forankra i HS, NBU og FTU. Arbeidet skal dra nytte av fagkunnskapen i organisasjonen ved å leggja til rette for at både distrikta og det einskilde medlem kan komma med innspel. 

Endring av oppsett for utkalling

  •       NRHs kapasitet på katastrofesøk har mange likskapar til lavine.
  •       Det er få godkjente ekvipasjar
  •       Det er ekvipasjar spreidd over heile landet
  •       Det er få innsatsar

I utviklinga av konseptet vil arbeidsgruppa å vurdera om utkalling av katastrofesøksekvipasjar bør organiserast likt som lavine med to regionar, nord og sør. 

Leiar hund

I planverket til NORSAR var «Leiar hund» ein viktig del av søket. Leiaren var ansvarleg for eit søkslag med tre hundeekvipasjar. Leiaren planlegg søket, observera søket og dokumentera funnstad.

Leiaren måtte ha status som tidlegare hundeførar katastrofesøk.

I utviklinga av konseptet ynskjer me vidareføra ordninga med «Leiar katastrofesøk». Det er ynskjeleg å leggja til rette for at denne funksjonen vert trena og nytta meir, både på lokale treningar og på hovudkurset. 

Skildring av søkskonsept

I utviklinga av konseptet ynskjer arbeidsgruppa å laga ei skildring av NRHs organisering og søksform ved katastrofesøk. Skildringa kan nyttast av BA og lokale lag for å informera våre samarbeidspartnarar i politiet og brannvesenet. Den vil sikra at alle hundeførarar og leiarar har ei lik forståing av roller, ansvar, prosedyrar osv. 

Tiltakskort i beredskapsplanen

I utviklinga av konseptet ynskjer arbeidsgruppa å utarbeida tiltakskort til NRHs beredskapsplan.

Førebels forslag til innhald:

  •       Tiltakskort Leiar hund
  •       Tiltakskort Hundeførar

 

Regionkoordinator

Hovudstyret fekk eit innspel frå ei gruppe medlemmer frå austlandsområdet  som trena katastrofesøk aktivt om å etablera ein regionkoordinator for å leggja til rette for treningar, øvingar og bidra til å utvikla miljøet til å bli meir stabilt over tid. Formålet med koordinatoren er å sikra at nye kjem inn i miljøet, samt leggja til rette forutvikling av godkjente ekvipasjar.

Regionkoordinatoren er også kontaktperson for samarbeidsaktørar som brannvesenet og politiet. Det er utarbeida ein eigen rettleiar for arbeidet til koordinatoren. Alle distrikt fekk spørsmål om å bli ein del av området til regionkoordinatoren og 5 distrikt svarte positivt.

NRH forsett å hausta erfaringar internasjonalt for å utvikla kompetansen her heima. I april var det fleire som reiste til Malta for å delta på USAR øving og i september deltok NRH i øvinga BarentsRescue17 i Russland.

I år ble hovudkurs katastrofesøk lagt til Bodø og me glede oss over fleire nye B og A- godkjente katastrofesøksekvipasjar!

Scroll to top